Skriv ut

Historier


» Vis alle     «Forrige «1 ... 28 29 30 31 32 33 Neste»

Thomas Peter Henriksen Dons



Svein Bertil Sæther:

Den 11.oktober 1784 sto Tomas Peter Henriksen Dons fram for rådstueretten i Trondheim og avla eid som handelsborgar på «Borgerlejet Rørøen»[1], så han hadde nok tankar om å fortsette det som faren hadde bygd opp. Men same året vart det på nytt halde auksjon på Rørøya, denne gongen over lausøyre hos Tomas Dons[2]. Han må ha vore hardt pressa økonomisk. Noko må ha skjedd. Kanskje hadde han slått for stort på. Sommaren 1784, før han fekk borgarbrevet sitt i Trondheim, hadde han vore i Bergen[3]. Her møtte han bergenskjøpmannen Gerhard Cappe, oppretta trulig forretningsavtale med han og lånte 1000 riksdalar av han mot ein panteobligasjon. Dette greidde han ikkje å handtere. Ved årsskiftet 1785-1786 ga han tilsynelatande opp. Han måtte selje Rørøya til kreditoren sin[4]. I eit skøyte datert Kristiansund, den 4.januar 1786 selde han Rørøya til Cappe i Bergen for 1100 riksdalar. Dermed var han ute av det økonomiske uføret, men han var også utan Rørøya og alt han eigde, såg det ut til. Eller, hadde Tomas ein plan? Låg det eit dristig spel attom dette salet? Mykje tyder på det, og dette spelet involverte broren Henrik.

Tomas Dons gjorde seg klar før sommartinget på Hitra på garden Ansnes 2.juni 1786. Her visste han at skøytet på Rørøya til Gerhard Cappe skulle bli tinglyst. Da skulle han slå til, tenkte han. Han fekk med seg broren Henrik Stochoff Henriksen Dons på å ta Rørøya tilbake på odel. Dermed skulle Donsfamilien greie å berge Rørøya og starte på ny frisk. Cappe langt der nede i Bergen skulle dei ta innersvingen på. Men det vart Tomas og Henrik som vart overraska. Under sommartinget på Ansnes vart det tinglyst to skøyte på Rørøya. Det eine var som venta Dons sitt skøyte til Cappe. Men no viste det seg at Cappe umiddelbart hadde selt Rørøya vidare til Søren Seehuus frå Sunnmøre, ein ivrig handelsmann, som var klar til å sette i gang på Rørøya. Og han var ikkje så lett å bli kvitt. Da skøytet til Seehuus vart lese opp på tinget prøvde Tomas Dons først å protestere[5]. Deretter sto broren Henrik Dons fram, hevda odelsrett på Rørøya, meldte at han akta å ta garden att på odel og kravde utsetting på dette på grunn av pengemangel, slik han hadde rett til[6]. Trulig såg både Tomas og Henrik at dette kunne bli vanskelig. Og dei fekk rett, og vel så det. Det vart umulig.

Tomas Dons sleit på fleire vis på denne tida. I oktober 1785 reiste han sak på bygdetinget mot Ellev Olsen Helsøya, Peder Pedersen Stein og Jakob Bårdsen Båtvika for at dei hadde tatt sild frå sildenota hans, som stod i Dragvågen[7]. I juni 1786 stemna han Lars Kjeøya for retten fordi Lars på ein søndag hadde vore og henta tilbake to stenger til ein fiskehjell som Tomas tidligare hadde lånt av han[8]. Ingen av desse sakane kom han vidare med.



Eier/kildeKystmuseet, Svein Bertil Sæther
Linket tilThomas Peter Henriksen Dons

» Vis alle     «Forrige «1 ... 28 29 30 31 32 33 Neste»