Historier

» Vis alle     «Forrige «1 ... 35 36 37 38 39 40 41 42 43 ... 49» Neste»

Ribergodset på Ansnes

Eigedomshistorie handlar om makt i samfunnet. Den som har eigedom, har også makt - slik
var det før, og slik er det no. I andre halvdelen av 1600-talet får vi dette tydeleg demonstrert
i norsk og dansk historie, og i vårt område er Ansnes heilt sentral i denne utvilinga.



I 1660 gjorde danskekongen seg eineveldig i Danmark og Norge. Det betyr at han tok over all
politisk makt og skauv den gamle makteliten –adelen - til sides. Dette opna for at nye
maktpersonar, kongens eigne embetsmenn og det nye borgarskapet, kunne styrke si makt i
samfunnet. Og korleis skulle desse karane skaffe seg meir makt og sikre denne makta si på
best mulig vis? Jau, sjølsagt ved å skaffe seg jordeigedommar.

På Ansnes budde det ein kar som følgde nøye med i tida, og som var klar til å utnytte
situasjonen så snart han baud seg: Det var dansken Anders Nielsen Riber. Han var jurist,
hadde vore kongens embetsmann som sorenskrivar i Fosen i 12 år og fekk borgarbrev i
Trondheim som handelsborgar på Ansnes i Hitra tinglag tidleg i 1650-åra. Han hadde godt
om pengar og venta berre på ein sjanse til ta dei i bruk. Og sjansen kom.

Danskekongen vart største jordeigaren i landet etter reformasjonen i 1537. Etter at kong
Fredrik 3. vart eineveldig i 1660, hadde han både makt og fleire grunnar til å sette i gang eit
storstilt salg av jordeigedommar. Ein viktig grunn var at han hadde ville fylle opp den tomme
statskassa. Dermed fekk vi det som er kalla ”det store eigedomssalget” i Norge. Her i vårt
område skjedde dette i 1666. Det året vart kongens eigedommar bydd fram for salg på
bygdatinga og auksjonert bort. Da stod Anders Nielsen Riber frå Ansnes klar.

Eigentleg hadde han tjuvstarta litt. Den første eigedommen han skaffa seg på Hitra, var
halvparten av garden Melland. Den hadde svigerfaren hans frå andre ekteskap,
soknepresten Melkior Jakobsen Falk, overtatt etter sin forgjengar både i presteembetet og i
ekteskapet, og i 1660 fekk Anders Nielsen Riber skjøte på denne gardparten frå den gamle
svigermora si, presteenka Mille Audensdotter, som døde på denne tida. Samtidig fekk han
også skjøte på halvparten av svigermora sin gard Valslag i Snillfjorden og i 1662 på garden
Berg i Hemne. I tillegg hadde Riber tatt over eit pant på gardane Hafsmo, Flesvika, Heggstad
og Heggstadsetra i Snillfjorden og Bjørkøya i Hemne, og i 1663 kjøpte han desse gardane. Det
var nok interessa for skog og sagbruk som gjorde at Gammelskrivaren, som han vart kalla,
sørga for å få tak i skoggardar på fastlandet.

Så kom altså den store sjansen Anders Nielsen Riber på Ansnes hadde venta på: Det store
eigedomssalget i 1666. Dette året kjøpte han 24 gardar på Hitra og 28 gardar på Frøya,
fiskeværet Titran og størsteparten av garden Mastad. No fekk han endeleg skjøte på
heimegarden Ansnes, som han hadde bøksla frå kongen sia 1641.

Her er eit oversyn over Ribergodset i 1667:

På Hitra:
Ansnes, Steinklovan, Selvågan, Kjølsøya, Glørstad, Svenesset, Hofstad, Asmunsvåg, Småg, Øverdalen,
Tømmervika, Håvika (Straumfjorden), Tosøya, Hjertøya, Langøya, Vikan (Kvennvær), Helsøya,
Jøssøya, Gangstøa, Skåren, Brattvikan, Rørøya, Porsen, Tunga og Lya. I tillegg hadde han part i
Mastad og Melland.

På Frøya:
Tverrvågen, Espnesset, Dyrøya, Ytterhåvika, Sandvika, Mausund, Gurvikdalen, Kvalværet, Dørvikan,
Flatval, Hammaren, Inntian, Nesset, Svellingen, Vågøya, Straumøya, Hallaren, Skarpnesset, Rabben,
Myra, Medtsian, Yttersian, Ervika, Uttian, Klauva, Dragsnesset, Sjønhalsen Tuvnesset og fiskeværet
Titran.

I Hemne og Snillfjord:
Valslag, Heggstad, Heggstadsetra, Bjørkøya, Hafsmo, Berg og part i Flesvika.

Dette jordegodset ga jorddrotten ei årleg leigeinntekt på om lag 100 riksdalar – omtrent det
ein måtte gi for ein bra gard, med hus og fjøs og tre-fire husmannsplassar på denne tida. Og
no vart det aktiv gardhandel og eigedomsspekulasjon mellom embetsmenn og
handelsborgarar i området. To av dei fremste rivalane var Anders Nielsen Riber på Ansnes
og svogeren hans, futen Anders Rasmussen Belter på Fjellvær. Dei to fekk hand om kvart sitt
av dei to største fiskeværa: Futen kjøpte Sula, mens Gammelskrivaren altså fekk hand om
Titran.

Alt i 1668 hadde handelsborgaren Steen Pedersen på Rørøya i Kvennværet fått kjøpt Rørøya
og Porsen av Riber. Han selte Øverdalen og Lya det året. Uttian selte han også, men ikkje ut
av slekta, for kjøparen var Jakob Persen Brinch, som var gift med dotra Margrete frå første
ekteskapet. På samme tida kjøpte han Hernes, Hakkbuan og Stein vest på Hitra, Kverva og
Fredagsvika på Frøya og Heggvika og ein part av Akset på Fjellværøya.
Da futen Anders Rasmussen på Fjellvær fall frå i 1668, vart jordegodset etter han etter kvart
selt, og ivrig kjøpar var sjølsagt Anders Nielsen Riber på Ansnes. I første omgang var det
gardar på austsida av Hitra Riber kjøpte etter svogeren sin: Fillan, Øya, Skage, Leirvågan,
Vikan og Kaldklovan ved Fillfjorden og Herøya ved Fjellværøya. På Frøya kjøpte han på denne
tida Skjelvika, Bremnesset, Nordskaget og Valen, og no fekk han også hand om fiskeværet
Sula, Vågsvær og omliggande øyer.

Det var i 1680-åra at Ribergodset var på sitt største. Da åtte Riber på Ansnes meir enn
halvparten av all jordeigedom på Hitra og Frøya, og hadde fiskeværa Titran og Sula i tillegg.
Sula selte han att rundt 1685 til Jens Pedersen Koch, så dette fiskeværet låg til Ribergodset
berre ein ti års tid. I 1680-åra kjøpte han også garden Utset og dei små bruka rundt
Bjønnavågen, og han kjøpte fem gardar og ein gardpart til i Hemne og Snillfjord: Lenes,
Oddan, Oddbugen, Næløya, Lernes og ein part i Bjørklia.

I 1691 døde Anders Nielsen Riber på Ansnes. Allerede rundt 1680 hadde sonen Melkior
Andersen Riber etablert seg som handelsborgar i Vikan, eit strandsete under garden
Straumøya heilt nord på Frøya. Da faren døde, tok Melkior Riber straks over gardane
Straumøya og Gurvikdalen. Resten av Ribergodset vart med kvart delt mellom enka Inger
Rasmusdotter Riber på Ansnes og borna etter Gammelskrivaren som eit resultat av
arveskiftet etter han i september 1691. Det vart starten på slutten for Ribergodset. Alt i
1691-92 vart ein god del av eigedommane selte ut. Soknepresten i Hitra prestegjeld,
magister Rasmus Rossing på Dolm, kjøpte desse gardane: Håvika og Tømmervika ved
Straumfjorden, Vikan, Stein, Helsøya, Jøssøya, Hakkbuan og Gangstøa i Kvennværet og Tunga
og Hernes på Sørhitra. Garden Glørstad vart selt til oppsittarane, og Skårøya og Brattvikan i
Kvennværet var det handelsborgaren Steen Pedersen på Rørøya som kjøpte. Dotra
Margrete frå tredje ekteskap og mannen hennes, Hans Hansen Nobel, arva fire av gardane i
Hemne: Lenes, Oddan, Oddbugen og Næløya.

Anders Andersen Riber budde på Ansnes i lag med mora Inger Rasmusdotter og broren
Rasmus Andersen Riber etter at faren døde. I september 1700 selte han fiskeværet Titran og
Ytterhåvika til handelsmannen Hans Hansen Bernhoft. Tosøya selte han i 1703 til Rasmus
Ågesøn frå Verdalen, og i 1705 selte Anders på Ansnes til broren Melkior i Vikan desse
gardane: Dragsnesset, Nordskaget, Sandvika, Sjønhalsen og plassrommet Sletta, og året
etter nokre strandsete og garden Espnesset. Dette skjedde trulig i samband med oppgjeret
etter Inger Rasmusdotter Riber, som døde på Ansnes i 1705. No vart også fleire gardar selde
ut av familien: Småg, Hofstad, Kjølsøya, Langøya og Skipnesset på Hitra, Hammaren, Rabben,
Myra, Dørvikan, Nesset, Tuvnesset, Inntian, Mausund, Fredagsvika og Skjelvika på Frøya og
Bjørkøya, Bjørklia og Lernes i Hemne.

I 1724 døde Anders Andersen Riber på Ansnes, og dermed gjekk både Riber-tida på Ansnes
og Ribergodset si tid mot slutten. Anders Andersen Riber hadde ingen livsarvingar, og han
vart den siste med namnet Riber som budde på garden. Året etter, i 1725 døde broren
Melkior Riber i Vikan. Han hadde etterkommarar, og mellom dei var sonen Anders
Melkiorsen Riber. Denne Anders Melkiorsen tok over drifta i Vikan etter far sin. Han kjøpte
Ansnesgarden og nokre av Ribers gardar ved Fillfjorden på auksjonen etter farbror sin i 1725,
men det var på vegne av Anders Henriksen Helkan, stesonen sin.
I 1728 var det 25 gardar att av Ribergodset. Av desse var 17 på Frøya: Flatval, Svellingen,
Straumøya, Hallaren, Skarpnesset, Medtsian, Yttersian, Ervika, Klauva, Dragsnesset, Sjønhalsen,
Tverrvågen, Gurvikdalen, Måsøya, Kverva, Bremnesset og Nordskaget.
På Hitra var det att fire gardar og ein gardpart: Selvågan, Øya og Skage i Fillfjorden, Kaldklovan
og ein part av Akset på Fjellværøya.
I Hemne var det ikkje Ribergods att, men i Snillfjorden var det tre gardar som Riberslekta
enno eigde: Heggstad, Heggstadsetra og Hafsmo.

Riberfamilien fortsette handelen i Vikan på Frøya, og her hadde dei nokre jordeigedommar
til ut på 1800-talet. 

Eier/kildeSvein Bertil Sæther
Dato28 Nov 2016
Linket tilAnders Nielsen Riiber, godseier og kjøpmann

» Vis alle     «Forrige «1 ... 35 36 37 38 39 40 41 42 43 ... 49» Neste»