Historier

» Vis alle     «Forrige «1 ... 32 33 34 35 36 37 38 39 40 ... 49» Neste»

Om Skreddarøya i Dolmsundet

Og om nokre av dei som budde her

Skreddarøya er ikkje ei øy. Ho er ei lita halvøy, så vidt. Frå Skreddarøyvatnet, eit brakkvatn, som somme kallar Skreddarøyvågen, og over til Bonåkervågen er det på grunn av eit bekksikkel, ei blautmyr og ein dam så vidt Skreddarøya heng fast i Dolmøya. Men i austre enden av Skreddarøya, der Skreddarøyvatnet møter Dolmsundet ved Skreddarstraumen, klorar Skreddarøya seg fast til Dolmøya med ein gammal demning, ein fint oppmura steinvegg, som regulerte vatnet til ei kvern og eit stamperi som ein gong stod her.



Sjølvsagt veit vi ikkje når folk først slo seg ned på Skreddarøya. Vi må rekne med at det budde folk her i periodar i forhistorisk tid, altså i steinalderen, bronsealderen og jarnalderen. Dolmsundet var eit spiskammers for folk i gjennom tusenåra, godt skjerma, god straum og alltid tilgang på mat. Derfor har arkeologane funne tett i tett med spor både etter nomadar og etter fastbuande. Midt i dette ligg Skreddarøya. Det er klart at folk kom hit.

Men her skal vi konsentrere oss om det vi kallar historisk tid, om den tida vi har meir enn berre det arkeologiske kjeldematerialet å halde oss til. Vi vil leite i dei skriftlige, historiske kjeldene for å sjå om vi kan komme folket på Skreddarøya litt nærare inn på livet.

 

Handel, handverk og byprivilegiar

Vi treng ikkje tvile på at namnet Skreddarøya kjem frå ein vaskeekte skreddar. Her på denne halvøya har det altså i ein periode budd ein handverkar, som folk reiste og besøkte, og som dessutan reiste rundt og utførte handverket sitt rundt om på gardane, strandseta eller plassromma. Den skreddaren som har gitt namn til øya, må ha budd her lenge nok til at folk knytta han til akkurat denne staden, og han må ha vore ein person som først og fremst var kjent for skreddaryrket sitt. Skreddaren var ein svært viktig person i det gamle samfunnet. Han hadde alle god bruk for.

Dei gamle lovane bestemte at handel og handverk berre skulle foregå i byane. Ein ville ikkje at kjøp og sal skulle drivas over alt. Dette var aktivitetar styresmaktene vill ha kontroll på, ikkje minst av økonomiske grunnar. Både kjøpmenn og handverkarar løyste borgarbrev i byane. Det var eit privilegium som byane hadde, og dermed var borgarane formelt knytta til byane. Men av ulike grunnar vart det lempa litt på desse byprivilegia utover 1600-talet. Det kunne foregå handel også ute i distrikta, men berre av byborgarar som hadde lov til å drive handel. Dermed flytta nokre av handelsborgarane og ein og annan handverkar ut frå byen og dreiv si borgarlige næring til dømes på Hitra, i alle fall i delar av året. Handelsborgarane kunne også leige nokon til å drive handelen for seg . Dette var det mykje av i tida rundt århundreskiftet 1600-1700 her på Hitra. I andre halvparten av 1600-talet var det fleire slags handverkarborgarane som etablere seg ute i distrikta. Det kunne vera bøkkerar (kippar), altså tønnemakarar, det kunne vera smedar, snekkarar og det kunne vera – nettopp - skreddarar. På Hitra fins det namn som Kipparøya, Kipparvika, Smedvika, Skreddarvika og Skreddarøya. No er det langt ifrå sikkert at kipparen, smeden eller skreddaren som har gitt namnet til plassen, verkelig var handverkarborgar med borgarbrev. Det kjem litt an på når han budde der. Var det i ei tid da byprivilegia enno stod sterke, så var det litt av ein risikosport å slå seg ned som handverkar utan borgarbrev. Sjansen for å bli tatt og straffa med kraftige bøter, var «overhengande». Folk med borgarskapet i orden vokta privilegia sine som gull, og dei ville kaste seg over ein inntrengar som haukar. På 1600-talet og det meste av 1700-talet ville det vera bortimot umulig å etablere seg fast som handverkar eller kjøpmann utan borgarbrev. Seinare kunne ein habil smed gjera jobben sin i ro og mak i Smedvika, utan å bli straffa for det.

 

Kven var skreddaren på Skreddarøya?

Med bakgrunn i dette skal vi nærme oss Skreddarøya og fundere meir på kven skreddaren kan ha vore. Det første vi må finne ut er kor gammalt namnet Skreddarøya i Dolmsundet er.

Skreddarøya er ein del av den gamle prestegarden Dolm sitt «territorium», eller gardsvald. Kjeldemessig er det både ein fordel og ei ulempe. Fordelen er at soknepresten sjølv ofte hadde ein finger med i spelet i mange av kjeldene. Enten var han med og skreiv ulike lister og manntal som vi hentar opplysningane frå, eller så var han ein sentral person ved innhentinga av dei opplysningane som skulle med i det skriftlige materialet. Han hadde førstehands kjennskap til Skreddarøya og dei andre plassromma under Dolm. Ulempen er at i ein del sentrale kjelder var prestegarden fritatt for både skatt og andre ytingar til styresmaktene, og dermed er prestegarden med husmannsplassar ikkje tatt med i det heile. Dette gjeld til dømes det viktige Titus Bülches manntal frå 1664, som kunne ha gitt oss eit strålande oversyn over Dolm prestegard sine husmannsplassar. Men vi har ei kjelde som er mesta like gammal som manntalet frå 1664: Matrikkelen frå 1668. Her er Dolm prestegard med, og i eit oversyn over «Strandsiddere Vnder Hitterens Tinglaug som Iche Kand Leggiss for Nogen Leige» finn vi under andre fjerding, som mellom anna omfatta Dolmsundet, fleire av strandseta under Dolm prestegard: Barbara Bremvågan, Pål Kipparøya, Ola Arnøya, Per Knaverøya, Hans Skarvøya, Lars Dolmøya (altså Øya) og Mikkel Bremvågan. Her er det også nemnt ein strandsittar som heitte Jørgen Fastøya, og han skal vi merke oss.

Namnet Skreddarøya eksisterte altså ikkje i 1668. Det eksisterte ikkje i 1701, heller. Da var det den store diktarpresten på Dolm, Rasmus Rosing, som førte manntalet i penna. Ni husmenn nemner han under prestegarden: Tre i Bremvågan, to på Øya og ein på Knaverøya. Alle desse plassane er kjente stader på Dolm sitt gardsvald. Så nemner han ein husmann på ein stad som blir kalla Hebersvågen, og det kan vera den vågen som seinare blir kalla Madsvågen, Vågen eller Sørvågen under Undås, avlsgarden under Dolm. Rasmus Rosing nemner to husmenn til: Ein på «Arnøen», altså Arnøya, og ein på «Fæøen», antakelig Feøya. Arnøya var med i 1668 også, men Feøya er kanskje ny. På Arnøya budde Lars Nilsen, 64 år gammal, og sonen Nils på 25 år. Og på Feøya var Håkon Olsen, 50 år, med ein eldre kar, Ola Tomassen, 70 år gammal, som kanskje var far til Håkon[1]. I dag finn vi øya Litl-Larsøya og halvøya Skreddarøya i Dolmsundet, litt aust for prestegarden. Ingen av dei namna var i bruk i skriftlige kjelder på Rosing si tid, men dei kan ha kome i bruk på folkemunne.

Kan Fastøya frå 1668 vera same øya som Feøya i 1701? Og kan Fastøya bety akkurat det namnet seier: Ei øy som ligg fast? Ei halvøy, altså? I så fall er det nærliggande å tru at dette er Skreddarøya.

Det er i 1724 vi for første gongen finn namnet Skreddarøya i kjeldene[2]. Da blir ein kar som heiter Anders Skreddarøya rekna opp i eit manntal over dei som skal betale for reparasjon av Dolm prestegard. Så viser det seg at Anders var ein av dei heldige som av ein eller annan grunn slapp å betale noko. Likevel står han heldigvis på lista, noko vi sikkert er meir fornøgd med enn Anders sjølv. I 1724 treffer vi også eine sonen til Anders Skreddarøya i ei militær rulle[3]. Han heiter Lars Andersen, er 20 år og fødd i Hemne, får vi vita.

Når vi summerer opp den kunnskapen vi kan hente ut av kyrkjebøker og militære rullar, får vi fram dette: Anders Larsen var fødd rundt 1675. Han hadde ein son Lars som var fødd i Hemne omtrent 1705 og ein son Morten som var fødd rundt 1718. Morten kan vera fødd på Skreddarøya. Kva kona til Anders heitte og om han hadde fleire barn, veit vi ikkje. Sonen Lars døydde på Skreddarøya i 1741, og vart gravlagt på Dolm. Faren Anders Larsen Skreddarøya døydde i 1749, og sonen Morten tok over som husmann på Skreddarøya etter far sin.

Spørsmålet om kven skreddaren på Skreddarøya var, har vi altså ikkje funne svar på. Kandidatane er fleire: Lars Nilsen eller Nils Larsen på Arnøya, Jørgen på Fastøya, Håkon Olsen eller Ola Tomassen på Feøya eller Anders Larsen Skreddarøya.

 

Morten og Karen på Skreddarøya

Morten Andersen Skreddarøya var fødd rundt 1720, kanskje i Hemne, men mest trulig på Hitra. Første gongen vi møter Morten er i 1745, og da blir var han 25 år[4]. Faren Anders var da 69 år gammal, ein ganske høg alder på denne tida, og fire år seinare, i 1749, døyr far Anders på Skreddarøya[5]. Den 14.september same året trulova Morten Andersen Skreddarøya seg med Karen Pedersdotter[6], og den 16.november 1749 gifta Morten og Karen seg i Dolm kyrkje[7]. Karen kom etter alt å dømme frå Bremvågan.

Var Karen dottera til Kirsten og Peder Larsen Bremvågan? Da ho trulova seg med Morten Skreddarøya i Dolm kyrkje i 1749, var det sjølvaste klokkaren Erik Lund som var forlovar for Karen. Kanskje var det fordi ho var dottera til underklokkaren i Dolm sokn, Peder Larsen Bremvågan? Det store Hitra prestegjeld fekk rundt 1730 to underklokkarar i tillegg til hovudklokkaren. Attåt at dei skulle gjera klokkarteneste rundt om i kyrkjene på prekesøndagane, skulle dei også vera skolemeisterar i den nyoppretta skoleordninga i prestegjeldet. Kjell Jensen var hovudklokkar frå 1701 til 1743. Som underklokkarar vart to husmenn oppnemnde: Peder Olsen Sørsætra frå Fjellværsøya for Fillan sokn og Peder Larsen Bremvågan for Dolm sokn. Dei fortsette også etter at den nye hovudklokkaren Erik Lund tok over. I kyrkjeboka ser vi at dei to underklokkarane ofte blir kalla Peder klokkar Bremvågan og Peder klokkar Sætra.

Peder Larsen ser ut til å vera fødd på Øya under Dolm ca år 1700. Det er nok han vi finn som eittåring i manntalet frå 1701 i lag med faren Lars Jakobsen på 48 år og brørne Jakob på ni og Ingebrigt på tre år. Så kan det sjå ut som om familien har flytta til Bremvågan da den såkalla skoskatten vart kravd inn i 1711. Der finn vi husmannen Lars Jakobsen og kona hans med to søner og ei dotter; det er berre Lars sjølv som er nemnt med namn. Ein av sønene har enten forlatt heimen eller livet, forstår vi. I 1724 var Lars rundt 70 år, og da er han nemnt mellom husmennene i Bremvågan. Vi finn Peder Larsen mellom dei yngre karane på husmannsplassane under Dolm i 1724. 22 år gammal var han da, og det stemmer jo omtrent akkurat med 1701-manntalet. Han må ha gifta seg og sannsynligvis tatt over etter faren som husmann på ein av plassane i Bremvågan omtrent på denne tida. Kona til Peder Larsen heitte Kirsten til førenamn. Farsnamnet hennar kjenner vi ikkje. Peder og Kirsten fekk fleire barn, og gjennom fadderskap og vergemål finn vi fleire av dei. Yngste sonen var Jens. Han var fødd seinhaustes i 1736 og vart døypt i Dolm kyrkje fjerde søndagen i advent det året[8]. Og da var det mykje fint folk i kyrkja som gjorde ære på underklokkaren og hans familie, skal vi sjå. Fadrane på Jens Bremvågan var: Kongl Mayst Foged Hr Niels Cimber, Hr Ole Broch, Hr Ludvig Broch, Madame Løcke, Christiana Sophia Broch. Finare kunne det ikkje ha vore på Dolm i 1736. Kanskje var Beret Pedersdotter eldste barnet til Peder og Kirsten Bremvågan. Trulig var ho fødd rundt 1724. Ho vart gift 14.juni 1750 med Anders Ingebrigtsen, som vart husmann i Bremvågan, og Anders tok over som underklokkar i Dolm sokn etter svigerfaren Peder Larsen. Anders og Beret fekk minst sju barn. Karen var trulig nest eldste dottera til Peder og Kirsten Bremvågan, antakelig fødd rundt 1725-26. Den tredje dottera deira var Inger Pedersdotter. Ho kan vera fødd omkring 1727, og ho gifta seg 15.september 1754 med Peder Pedersen Flatval. Dei vart husmannsfolk i Bremvågan og fekk tolv barn. I 1729 fekk Peder Larsen og Kirsten Bremvågan ei dotter som fekk namnet Eleonora. Ho vart berre ti år gammal og vart gravlagt på Dolm i 1739. Rundt 1730-31 vart Johanna Pedersdotter Bremvågan fødd. Ho gifta seg med Knut Eriksen Leikvam i 1756 og dei vart gardfolk der. Dei fekk fire barn. Så døydde Knut i 1765, og året etter gifta enka Johanna seg med Henrik Hovliksen frå Snekkvika. Dei fekk etter kvart også fire barn. Peder klokkar og kona Kirsten fekk si sjette dotter rundt 1734. Ho vart kalla opp etter mora si og fekk namnet Kirsten. Da Kirsten var 21 år gammal fekk ho eit barn utafor ekteskap. Det var ein gut, og han vart døypt i Dolm kyrkje 22.juni 1755 og fekk namnet Lars. Namnet på faren står ikkje i kyrkjeboka. Fire år seinare, i 1759, vart Kirsten gift med Osmund Larsen Straumsholmen. 

Den 9 august 1750 vart Morten og Karen Skreddarøya sitt første barn døypt i Dolm kyrkje[9]. Det var ein gut, og han fekk namnet Anders, etter farfaren sin. Mellom fadrane var sjølvsagt morfar og mormor: Peder klokkar og Kirsten Bremvågan. Hausten 1752 fekk Morten og Karen Skreddarøya ei dotter, og ved dåpen i Dolm 3.desember 1752[10] fekk ho namnet Margrete, kanskje etter farmora si? Sommaren 1754 kom det ein liten gut til verda på Skreddarøya, og da han vart døypt i Dolm 28.juli, vart han oppkalla etter morfaren sin: Peder[11]. Næraste slekta frå Bremvågan stod fadder på han. Morten og Karen Skreddarøya fekk tre barn til: Ola i 1756[12], Lars i 1759[13] og Beret i 1761[14]. I 1760 vart eitt av barna deira gravlagt på Dolm, men namnet på barnet står ikkje ført opp i kyrkjeboka[15]. Etter å ha fødd dottera Beret sommaren 1761, var Karen Skreddarøya første gong i kyrkja 27.september og var kyrkjegangskone[16]. Seint på hausten 1761 eller på nyåret 1762 døde Karen Pedersdotter på Skreddarøya. Grava hennar var den første som presten kasta jord på i 1762[17]. Heime på Skreddarøya satt Morten Andersen att med fem barn, den eldste var 11 år og den yngste var rundt halvåret. Å bli aleine med ein ungeflokk var vanskelig, både for kvinnfolk og karar. Morten måtte på sjøen for å skaffe mat og pengar og attåt måtte han gjera pliktarbeid på prestegarden om han skulle få behalde husmannsplassen. Trulig fekk han hjelp frå folk i nabolaget ei tid. Da sokneprest Broch signerte manntalet for ekstraskatten 24.februar 1763, hadde Morten Andersen framleis ingen som budde fast hos han på Skreddarøya til å hjelpe seg i huset[18]. Eldste sonen Anders budde heime, men nokre av dei yngre borna kan han kanskje ha sett bort til andre[19]. Men sommaren 1763 begynte Morten si tid som enkemann å gå mot slutten. Den 17.juli 1763 trulova han seg i Dolm kyrkje med Ane Olsdotter. Kvar ho kom ifrå veit vi ikkje, men ved trulovinga var det to karar frå Meland som var vitne; kanskje var ho frå det området. Morten Andersen og Ane Olsdotter gifta seg i Dolm kyrkje 29.november 1763[20]. Ved Ekstraskattmanntalet frå 1765 finn vi dei på Skreddarøya i lag med Morten sin son Anders[21]. Morten og Ane fekk ikkje barn i lag. Etter kvart som åra gjekk, Morten sine barn flytta ut og Morten og Ane vart eldre, kom det nye som tok over som husmannsfolk på Skreddarøya.

 

 

Østerdølen på Skreddarøya

I siste delen av 1700-talet kom det flyttande en god del folk frå innlandet og ut til kysten i Noreg. Om det ikkje var så feitt her heller, så ga sjøen eit rimelig trygt utkome, først og fremst med mat på bordet.

Rundt midten av 1780-åra kom det ein østerdøl til Hitra. Knut Eriksen Hagen, kalte han seg og hevda at han kom frå Kvikne i Østerdalen[22]. Vi får tru han på det. Alderen hans er vi litt meir usikre på: Ved folketeljinga i 1801 har han fortalt til manntalsføraren at han var 58 år gammal, altså fødd i 1743, men til dei som førte dei militære rullene frå 1803 og 1809 melde Knut Hagen at han var fødd i 1753 eller 1754. Vi veit altså ikkje om han var i 30- eller i 40-åra da han trulova seg i Dolm kyrkje 1.september 1786. Og ikkje veit vi mykje om ho han trulova seg med, heller. Ho heitte Johanna Kristoffersdotter, men når ho var fødd og kvar ho kom ifrå er meir uvisst. Da folketeljinga vart tatt opp i februar 1801, hevda ho at ho var 50 år gammal. Kanskje tok ho litt i? Yngste dottera hennar var vel fire år gammal. Da Johanna reiste frå denne verda mange år seinare, meinte etterkomarane at ho var fødd i 1746. I så fall ville ho ha vore 50 år da ho fekk yngste barnet sitt. Kan vi tillate oss å tvile på det? Knut Hagen og Johanna Kristoffersdotter sin alder og bakgrunn er likevel ikkje det merkeligaste med dei. Følg med her.

Den 1.september 1786 stod Knut Eriksen Hagen og Johanna Kristoffersdotter fram i Dolm kyrkje og trulova seg. Vitne på trulovinga var Hans Jektvika og Jakob Aunet[23].

Truloving var ei offentlig handling i tidligare tider. Da stod han og ho fram for slekt og vener og erklærte at dei snart skulle gifte seg, og dei tok seg vitne på at dette var sant. Det var vanlig at paret ga kvarandre gåver ved trulovinga. Brot på trulovingsløftet var ei alvorlig sak, som kunne føre til krav om erstatning.

Alle som var i Dolm kyrkje denne fredagen 1.september 1786 da Johanna Kristoffersdotter trulova seg med Knut Hagen, kunne sjå at ho som skulle bli brur «gjekk sist i dagan». Det var jo ikkje prekesøndag, så det er ikkje sikkert det var så mange til stades i kyrkja denne dagen. Godt og vel to veker seinare, mandagen den 18.september, var Knut Hagen tilbake i kyrkja og fekk døypt eldste dottera si: Karen Gurine. Foreldra Knut og Johanna var ikkje gifte, så Karen Gurine var fødd utafor ekteskap, altså det som kyrkja kalla eit «uekte barn». Det var ulovlig å avle barn utafor ekteskapet på denne tida. Folk vart bøtelagt for slikt, og det var forbunde med skam, særlig for kvinnene og barna. Kor merkelig er det da ikkje å lesa lista over dei som stod fadder for Karen Gurine i Dolm kyrkje mandag 18.september: Sokneprest Otto Stub med kone, Nils Rosing Parelius med kone, Marcus Hegge Parelius og Magnhild Aunet[24]. Her finn vi altså som fadder fleire av dei som stod aller øverst på rangstigen i lokalsamfunnet! Kva hadde skjedd? Var handelshuset Parelius på Hopsjøen og prelatfamilien på Dolm plutselig råka av sosialt samvit og medkjensle? Neppe. Her låg noko anna bakom, og når vi etter kvart gjer oss meir kjente med Knut Hagen så anar vi kva det var. Han var ein kar dei hadde god bruk for, både på Dolm, Hopsjøen og andre stader. Både prestefamilien på Dolm og Pareliusfamilien på Hopsjøen stod fleire gonger fadder for barna til Knut og Johanna Hagen, så her var kontakten god. Dessutan er det ganske spesielt at Knut Eriksen heldt på etternamnet Hagen. Slikt var det berre dei meir kondisjonerte som fann på. Normalt skulle han ha kalla seg Knut Skreddarøya etter å ha budd der år etter år, men det gjorde han aldri. Hagenfolket på Skreddarøya menga seg meir med dei kondisjonerte enn vanlig var for husmannsfolk.

Vanligvis nølte ikkje sokneprest Stub med å føre inn i kyrkjeboka om eit dåpsbarn var «uekte». Ved Karen Gurine sin dåp blir ikkje det nemnt med eit ord. Merkelig. Og mindre merkelig blir ikkje det som skjedde søndag 24.september, altså ei knapp veke etter dåpsdagen. Da skriv Stub at han har «Introd Knud Erichsen Hagens og Joen Klokkergaardens Hustruer»[25]. At kjerringa hans Jon Klokkargården vart ført innover golvet i Dolmkyrkja som kyrkjegangskone av presten Stub, var både rett og rimelig etter gammal skikk, men når han gjorde det same med Johanna Kristoffersdotter, så var det eit brot med skikk og bruk. Ho var jo ikkje gift. Ho var enno ikkje Knut Hagen si hustru! Vi har tatt presten Stub i reinspikka løgn! Vi kan vera trygge på at presten visste kva han gjorde, og vi har ein mistanke om kvifor. Først torsdag 10.mai 1787 gifta ungkar Knut Eriksen Hagen og Johanna Kristoffersdotter seg[26]. Trulig var det på denne tida dei kom til Skreddarøya. Husmannen her, Morten Andersen, begynte å bli oppe i åra og kanskje ikkje heilt frisk lenger. Presten Stub hadde bruk for ein ny husmann, og Knut Eriksen Hagen tok over plassen. Våren 1788 døde Morten Andersen på Skreddarøya. Han vart gravlagt på Dolm, og den 28. mars 1788 kasta sokneprest Stub jord på grava hans[27]. Dei meinte han var 70 år da han døde, og det var trulig berre eit par år for mykje. Kvar det vart av kona Ane Olsdotter veit vi ikkje.

På seinsommaren 1788 fekk Knut og Johanna på Skreddarøya ei dotter nummer to. Ho vart døypt i Dolm kyrkje 24.august 1788 og fekk namnet Anne Elisabeth[28]. Denne gongen var det vanlige folk i nabolaget som stod fadder, men da dotter nummer tre vart døypt i Dolm kyrkje 29.august 1790, var det Beret Bremvågan i lag med dei høgst på strå i bygda som igjen samla seg rundt døpefonten: Kapellanen Hr Ross, Hr Nils Rosing Parelius, prestefrua Madame Stub og Madame Grethe Parelius[29]. Dåpsbarnet fekk namnet Dorthea (=Dorret) Lucia, men ho døde på Skreddarøya vinteren etter og presten kasta jord på grava hennar 17.februar 1791[30].

Sommaren etter, den 3.juli 1791 var det jordpåkasting på Dolm på grava til ei som heitte Ingeborg Hagen, 72 år gammal. Kan det ha vore mora til Knut Eriksen Hagen på Skreddarøya som slutta livet sitt her? Og 14 dagar seinare vart det på Dolm kasta jord på grava til ei jente på ni år. Anne Karsteinsdotter Skreddarøya heitte ho. Kanskje ei jente som Knut og Johanna hadde tatt til seg eller ei lita tenestejente dei hadde?

På nyåret 1792 vart det fødd eit nytt barn på Skreddarøya. Det var Johanna og Knut Hagen som fekk si fjerde dotter. Ho vart døypt i Dolm kyrkje 22.januar 1792[31], og dei valte å kalle opp ho dei mista året før: Dorret (=Dorthea) Lucia. Fadder på dette barnet var mellom andre fleire frå klokkarfamilien med klokkaren sjølv, Colbanus Jensen, i spissen. Men det gjekk ikkje likare med denne Dorret enn med den førre. Ho vart berre ni veker gammal. Den 11 mars 1792 kasta presten jord på den vesle grava hennar. Johanna og Knut på Skreddarøya fekk to døtrer til: 29.februar 1793 kom Martha Maria til verda[32], og 9.juli 1796 vart Kristianna Dorthea fødd[33]. Ved folketeljinga som vart tatt opp 1.februar 1801 finn vi Knut og Johanna med dei fire døtrene på Skreddarøya, og her står det at Knut Hagen var husmann med jord, verken meir eller mindre. Dei hadde ein losjerande skreddar, Helge Pedersen, buande hos seg, ein av dei mange handverkarane som reiste rundt på bygdene i den tida.

Eldste dottera til Knut og Johanna, Karen Gurina, gifta seg ein gong mellom 1810 og 1814 med ein kar som heitte Hans Olsen. [34] Den 3.september 1814 fekk Karen Gurina ein son, som vart døypt i Dolm kyrkje 23. oktober 1814 og fekk namnet Knut. På denne tida var Karen og Hans leigebuarar hos Knut og Johanna på Skreddarøya. Seinare flytta dei til Frøya og vart gardfolk på Måsøya. Yngste dottera på Skreddarøya, Kristianna Knutsdotter, gifta seg i Dolm den 22. oktober 1820 med ein kar frå Leinstranda: Erik Mikkelsen Heggstad[35]. Kristianna og Erik losjerte på Skreddarøya hos Knut og Johanna, som no begynte å bli opp i åra. Knut hadde bruk for hjelp, sikkert til arbeid på plassrommet og til pliktarbeidet på prestegarden. Den 5.mai 1821 døde Knut Eriksen på Skreddarøya. Han vart gravlagt på Dolm 12.mai 1821[36], og her blir det påstått at han var 78 år gammal. Trulig er det nokre år for mykje. No var det enka Johanna Kristoffersdotter som satt med Skreddarøya, og ho hadde døtrene Anna, Marta og Kristianna og svigersonen Erik til å hjelpe seg. Den 20.mars 1822 fekk leigebuarane Kristianna og Erik på Skreddarøya sitt første barn. Det var ei dotter. Ho vart døypt i Dolm kyrkje 8.april og fekk namnet Albertine. Mellom fadrane var dei to ugifte søstrene til Kristianne: Martha og Ane Skreddarøya. På denne tida begynte gamle Johanna å skrante, og ho døde på Skreddarøya 26.mai 1822. Ho vart gravlagt på Dolm 2.juni[37]. No var det Erik og Kristianna som tok over som husmannsfolk på Skreddarøya.

 

Heimplassen Skreddarøya

Det er først etter at Knut Hagen og Johanna Kristoffersdotter var døde at vi får vita noko særlig om korleis dei levde på Skreddarøya den tida dei dreiv plassen. Etter at mor Johanna døde i mai 1822, valte dei fire døtrene å halde arveskifte etter foreldra sine, og 15.juni 1822 var arvingane, lensmann Hans Ræder og hjelpesmennene hans, Ingebrikt Hansen Sveen og Anders Iversen Klokkargården, samla på Skreddarøya for å registrere og vurdere alt det som fanst etter Knut og Johanna[38]. Og to dagar etter vart det halde auksjon på Skreddarøya på alt lausøyre og innbu som Knut og Johanna hadde. Gjennom dette får vi små innblikk i livet på Skreddarøya i første delen av 1800-talet.

No får vi vita litt om husa på Skreddarøya. Det var eit stuahus med kjellar, to buer og loft. Så hadde dei ein kornlåve med kornstål, eit fjøs med høystål og eit grishus. Fjøset og grishuset ser ut til å ha vore samanbygd. Dei hadde også ein fiskesjå. Sjåen vart brukt først og fremst til lagring av fiskereiskap, men etter som dei på Skreddarøya verken hadde brygge eller stabbur, lagra dei sikkert også matvarer frå sjø og land på sjåen. Og så får vi greie på at dei hadde byggeplanar på Skreddarøya. Dei hadde fått frakta hit ei tømmerstue frå Hemne som enno ikkje var sett opp, og i tillegg hadde dei kjøpt noko tømmer, kanskje for å bytte ut tømmer i stua frå Hemne eller for å bygge på ho.

I leiglendingstida, altså på den tida da eit fåtal av gardbrukarane på Hitra åtte gardane sine sjølve, var det vanlig at husa på gardane hørte garden og jordeigaren til. Dei som budde på gardane og dreiv dei, åtte i beste fall sjøhusa. Da var det annsleis på strandseta og på husmannsplassane. Her var det strandsittaren eller husmannen som sjølve åtte husa på plassen, og om dei flytta derifrå, tok dei enten med seg husa eller selte dei til dei som tok over etter dei.

Frå skifteforretninga frå 1822 får vi også litt greie på den vanskelige tida først på 1800-talet med naudsår og svolt. I åra 1803 og 1804 hadde bygdekommisjonen i Hitra prestegjeld gitt Knut Hagen på Skreddarøya i alt ei tønne havre for at han og familien hans skulle halde verste svolten frå livet, og på forsommaren 1813 hadde han fått tildelt fire skjepper såkorn – trulig blandkorn av bygg og havre – og ei skjeppe rug, slik at dei kunne så og håpe på avling til hausten. Korleis det gjekk med kornhausten 1813 veit vi ikkje, men i skifteforretninga i 1822 etter Knut Hagen og Johanna Kristoffersdotter kravde bygdekommisjonen, med sokneprest Brodtkorb i spissen, å få betalt tilbake «gåvene» frå naudsåra, med renter!

Auksjonen på Skreddarøya i 1822 avslører meir om korleis folket her levde og livberga seg, og her finn vi trulig forklaringa på kvifor Knut Hagen var slik inne i krithuset til dei kondisjonerte[39]. Vi kan slå fast at Knut og Johanna hadde mykje å stå i med, og at Skreddarøya var ein god husmannsplass. Sjølvsagt måtte dei gjera det avtalte pliktarbeidet på prestegarden. Det var betalinga for at dei skulle få bu på og drive husmannsplassen.

Kor mykje pliktarbeid dei hadde, veit vi ikkje, men først og fremst var det nok i onnene – våronna, høyonna, skurdonna og tørvonna. I tillegg hadde nok husmennene under Dolm skyssplikt, altså måtte dei vera med på å skysse presten rundt om til gudstenester og soknebod. I noko seinare tid - rundt år 1900 – betalte ein husmann under Dolm 36 kroner i årlig leige for plassen, og attåt dette hadde han seks skyssturar i året og arbeidsplikta var fire dagar i torvonna, tolv dagar i slåttonna og skurd av to mæling åker. Pliktarbeidet var oftast heile husmannsfamilien med på.

Men Knut Hagen og familien hans hadde antakelig noko mindre med pliktarbeid enn dei andre husmennene under Dolm prestegard. Kvifor det? Jau, fordi Knut Hagen i staden kunne gjera andre tenester på prestegarden. Auksjonen i 1822 fortel oss at han var både tømrar, bøkkar og skomakar. All slags verktøy som ein tømrar hadde bruk for, vart selt på auksjonen: Tømmermannsbiler, hamrar, høvlar, sager og navrar av ulike slag og storleik, mykje meir enn det som var vanlig å ha på ein gard eller ein husmannsplass. I tillegg hadde Hagen bøkkarutstyr, mellom anna bandstol og bandkniv[1] og deksel, og det vart selt mange tomtønner på auksjonen. Han hadde også eit lite «Skomager Værksted» står det, så det kan hende han sauma og reparerte sko og støvler også for flei


Eier/kildeSvein Bertil Sæther
StedSkreddarøya, Dolm, Dolmøya, Hitra

» Vis alle     «Forrige «1 ... 32 33 34 35 36 37 38 39 40 ... 49» Neste»