Historier

» Vis alle     «Forrige «1 ... 13 14 15 16 17 18 19 20 21 ... 47» Neste»

Historia om fire søsken frå Selvågan

Akkurat på den tida da 1700-talet ga seg ende over, kom to brør med etternamnet Jæger flyttande frå Skjørøya i Jøssund sokn i Åfjorden til Hitra. Den eldste var Albert Früchtnicht Jæger. Han var fødd på Skjørøya i 1760 , og av namnet forstår vi at han var i familie med handelsmannen Albert Früchtnicht, som budde i Knarrlaget på Ulvøya eitt hundre år før.



Albert Jæger kjøpte Nordbotn på Fjellværsøya på auksjon for 160 riksdalar[2] i 1799, og der slo han seg til i lag med kona Johanna Olsdotter, kona si veslesøster Anne Olsdotter, drengen Hans Jonsen og tausa Malena Pålsdotter[3]. Broren Henrik Lorentz Jæger var fødd på Skjørøya i 1766, og han kjøpte først ein firedel av Selvågan på Ulvøya sommaren 1800, og sommaren etter kjøpte han ein firedel til, slik at han satt med halve Selvågan[4]. Henrik Jæger gifta seg med Marta Katarina Andersdotter Grube den 2.mars 1803[5]. Ho var fødd i 1775 på Tranøya i Jøssund, Åfjord og konfirmert på Skjørøya i 1794. Marta var dottera til Anders Andersen Teksdalstranda og Lisbeth Margrethe Pedersdotter Grube frå Trondheim. Dei kom til Tranøya rundt 1772 og fekk fire barn: Peter, Henrik, Marta og Jakob[6]. Marta Katarina vart med Henrik Jæger som taus da han flytta til Hitra. Det er Henrik og Marta sine barn denne historia skal handle om, men la oss først sjå litt på bakgrunnen til brørne Albert og Henrik Jæger:

Foreldra til Albert og Henrik var Jakob Klausen Skjørøya og Mette Mathiasdotter Lorentz. Jakob var frå ei gammal slekt på Skjørøya. Han var fødd rundt 1715. Han gofta seg med Mette Mathiasdotter rundt 1750. Ho var fødd i 1723 og kom frå ein kjøpmannsfamilie på Refsnes i Stokksund, og det var faren hennes, Mathias Mathiasen Lorentz, som gjennom morslekta si var i familie med Früchtnichtane i Trondheim i Knarrlagssundet.

Jakob Klausen og Mette Mathiasdotter på Skjørøya fekk mange born[7]:

·         Susanna, fødd i 1751, gift i 1778 med korporal Størker Jonsen Joskjøren i Bjørnør

·         Claus Peter, fødd i 1753 , døpt i Jøssund kjerke 12.8.1853 (Kb Åfjord 1750-1779, s 39), død 1805, gift 1787 med Else Davidsdtr frå Valsøya; tokover garden etter foreldra

·         Mathias Lorentz fødd i 1756, døpt i Jøssund kjerke 08.02.1756 (Kb Åfjord 1750-1779, s 72-73); ein av fadderane var Richard Hagerup, mor Mette sin bror; døde som barn

·         Karen Kirstine fødd i 1758, døpt i Jøssund kjerke 02.04.1758 (Kb Åfjord 1750-1779, s 100-101; levde på Skjørøya enno i 1790

·         Albert fødd i 1760, døpt i Jøssund krk 16.03.1760 ( Kb Åfjord 1750-1779, s 127), gift i 1799 med Johanna Olsdotter Drammen (Aserøystranda).

·         Mathias Lorentz fødd i 1761, døpt i Jøssund kjerke 29.09.1761 (Kb Åfjord 1750-1779, s.154-155)

·         Gidsken Margrethe fødd i 1764, døpt i Jøssund kjerke 18.03.1764 (Kb Åfjord 1750-1779, s.183); gift i 1809 med lensmann Lorents Nideros på Øyan i Åfjorden.

·         Henrich Lorentz fødd i 1766, døpt i Jøssund kjerke 29.06.1766 (Kb Åfjord 1750-1779 s.224-225); blir nemnt på Skjørøya så seint som i 1800.

·         Anna Bergitte fødd i 1771, døpt i Jøssund kjerke 07.07.1771 (Kb Åfjord 1750-1779, s.288-289); konfirmert i 1788, seinare ikkje nemnt på Skjørøya

Jakob Klausen døde på Skjørøya i 1788, og Mette Mathiasdotter døde der i 1793. Det var arveskifte etter både Jakob og Mette. Begge var rike skifter, både med lausøyre og jordegods: Halve Skjørøya, halve Morken og ein part i Refsnes. Etter faren arva sønnene mesta 97 daler kvar, og døtrene arva i overkant av 48 daler. Enka Mette arva mesta 485 daler. I skiftet etter ho, som vart avslutta sommaren 1794, fekk sønene vel 88 daler og døtrene litt over 44 daler kvar[8].

Sjølv om mykje av arven var i lausøyre, forstår vi at brørne Albert og Henrik hadde ein del å rutte med da dei kom til Hitra for å finne seg ein ny heim. Dei drygde da heller ikkje lenge med å kjøpe seg gardar. Og frå Skjørøya var dei godt vande med å drive sjøen og handtere fisk og sild. Selvågan og Nordbotn var perfekt.

Henrik og Marta starta med friskt mot i Selvågan. Og det gjekk fort unna. Dei gifta seg i Fillkjerka i mai 1803, og alt 8. august 1803 kom sonen Jakob til verda[9]. Det vart dessverre berre eit kortvarig besøk. Trulig døde han som spedbarn, og sikkert før 1809[10]. Men den 2.juni 1805 vart det «banskrekk» igjen i stua hos Henrik og Marta i Selvågan. Den dagen vart Mette Elisabeth fødd, og ho vart oppkalla etter farmora si og døpt i Fillan kjerke 21.juli 1805[11]. På vårparten 1808 fekk dei ei dotter til: Anna Bergitte, oppkalla etter faster si, far Henrik si yngste søster. Anna Bergitte vart døpt i Fillan 1.påskedag 1808, altså 17.april[12]. Sonen Rikard Jakob Hagerup Henriksen Jæger var fødd i Selvågan 5.april 1813 og døpt i Fillan kjerke 7.juni 1813[13], og yngste sonen, Anton Mortinus, vart fødd 14.august 1815, og døypt i Fillan 2.juledag 1815[14]. Mette Elisabeth vart konfirmert i Fillan kjerke 23.mai 1820[15]. Om tre år skulle det vera søstera Anna Bergitte sin tur til å bli konfirmert i korskjerka i Fillan. Slik vart det ikkje.

To kjelder fortel oss om dei ulykkene som traff familien Jæger i Selvågan: Sjølegdrulla for 1817[16] og skifteprotokollen for Fosen[17]. I sjølegden står det om Henrik Jæger i Selvågan : «død Marts 1822», og i skifteprotokollen les vi: «efter paa Søen ulykkelig omkommet Henrik Jacobsen Jæger paa Gaarden Selvogen & hans Enke Martha Andersdatter, som da levde, men er siden strax efter ved døden afgaaet». Mor Marta dør 22.april 1823[18], altså tre månader etter skifteregistreringa i Selvågan den 18.januar 1823. I stua heime i Selvågan sitt fire foreldrelause att: To halvvaksne jenter på 18 og 14 år og to gutungar på 10 og 7 år. Livet blir snudd på hauvet. Åkervika var husmannsplass under Selvågan. Husmannen her, Anders Jonsen, var med Henrik Jæger på sjøen denne dagen i mars 1822. Også han drukna. I den vesle stua i Åkervika sitt kona Marit Halvorsdotter åleine igjen med tre ungar. Verken Henrik Jæger eller Anders Jonsen står innførte som gravlagde i kjerkeboka, så vi må gå ut frå at dei aldri vart funne. Marta Andersdotter døde heime i Selvågan den 22.april 1823, 48 år gammal. Dødsårsaken kjenner vi ikkje, men distriktslegen Carl Alexander Frobøse vart henta til Selvågan frå bustaden sin på Meland, og vi må gå ut frå at det var for å hjelpe Marta Andersdotter. Det greidde han dessverre ikkje.

Korleis gjekk det så vidare med dei foreldrelause i Selvågan? Vi får tru at farbror Albert Jæger i Nordbotn trødde til, i alle fall i første omgang. Og etter kvart som ulykka vart kjent hos slektningane i Åfjorden, kom dei ungdommane i Selvågan til hjelp. Vi kjenner til akkurat korleis denne hjelpa kom, men det ser ikkje ut til at dei fire søskena vart verande lenge på Hitra. Skifteregistreringa etter Henrik og Marta vart gjort 18.januar 1823, og da var hus og heim enno intakt. Dei halvvaksne ungdommane hadde både drengar og tauser til å drive både garden og sjøen i lag med seg. Men da auksjonen på innbu, utstyr, reiskap, hus og jord vart gjennomført 7. og 8.november 1823[19], vart heimen oppløyst, og dei fire måtte reise ut i verda.

Før vi blir med dei fire søskena på den reisa, skal vi sjå ein snartur innom dei i Selvågan før husa vart tømte og barndomsheimen forlatt:

Ved å kaste eit blikk på skifteforretninga frå nyåret 1823 og auksjonen i Selvågan hausten 1823 får vi eit brukbart bilde av denne familien sitt liv den tida dei budde på denne vesle garden aust på Ulvøya dei første to tiåra på 1800-talet. Vi forstår fort at dei kom frå bra kår og hadde meir å rutte med enn dei fleste rundt seg på denne tida. Samtidig merkar vi at dei fullt og heilt hørte heime i ein kultur der dei aldri tvilte på anna enn at det var sjøen og ressursane i havet som betydde mest. Det var naturligvis der dei måtte satse, sjølv om det ofte kunne koste dei dyrt.

Utanom Henrik, Marta og dei fire borna var det fleire som budde på garden. Ikkje mindre enn fire tenestakarar og tre tenestetauser hadde lønn til gode da buet etter Henrik og Marta skulle gjeras opp i 1823. Det er ikkje sikkert at alle sju tente på garden samtidig, og vi må rekne med at fleire måtte leigas inn til drifta av garden i tida som kom etter at husbonden og matmora fall i frå. Likevel er det ikkje tvil om at særlig den drifta på sjøen som Henrik Jæger la opp til, kravde mange hender. Av båtar hadde dei ein storbåt på to lestar (24 tønner), ein seksring og to færingar. Dei hadde 20 torskegarn og 40 sildegarn, ei kastnot på tolv famner i tillegg til ein søkknotbolk og to handsnøre med stein og vabein. Vi veit at Henrik – lenge etter at han slo seg til i Selvågan - dreiv sjøen heilt nordover ved fødestaden Skjørøya. I 1820 kom det inn klage på han, for at han dreiv med «Vanhelligelse af Sabbaten». Han hadde sett ut torskegarn ved Skjørøya i kveldinga på sjølvaste langfredagen. Den historia kom Henrik seg glatt ut av[20]. Poenget her er at det fortel oss litt om sjødrifta hans. Vi må tru at han hadde med nokre av tenestekarane sine og rekrutterte mannskap frå nabolaget på Ulvøya og Herøya, og høgst trulig var ikkje sonen Rikard gamle karen før han vart sett i båten og sendt på sjøen. Av utstyret i naust og brygge finn elles vi mykje tauverk, dreggar, rundt 70 dubler av mange slag, haker og krokar, seitrøer og ein ny skinnstakk, to skinnbrøker, eit par sjøstøvlar og to par støvelstrømper. Her stod det tre store kar på to tønner kvar og eit tjuetals tomtønner.

Sjølvsagt var drifta av garden ein viktig del av livsgrunnlaget. Dei hadde to hestar: Ei svart merr på sju år, og ei brun på minst 20. Så hadde dei fem mjølkekyr, ei kvige og ein kvigekalv, tre sauer, tre verar, lam, eit par geiter med kje og eit par grisar. Dei hadde kornåker og dyrka havre. Om sjølvfolket var borte, fekk dei fire ungdommane med hjelp av tenestefolk og kanskje naboar berga minst 700 band med havre hausten 1823, og desse kornbanda vart selte på auksjonen i november. På auksjonen vart det også selt mesta 1300 kilo høy, som det var bra rift om.

Det mangla ikkje på innbu og utstyr heime hos Henrik og Marta i Selvågan. Dei hadde ein del sølvtøy, mellom anna ei stor ølkanne, som vog mesta ein kilo. Denne sølvkanna hadde Henrik i lag med bror sin, Albert Jæger på Nordbotn. Elles var det fleire spiseskeier av sølv, og mot slutten av auksjonen den 8.november 1823, stod dei fire søskena fram og baud på kvar si skei, trulig som eit minne frå barndomsheimen. Ingen baud over. Dei to søstrene var elles ganske aktive og fekk fleire tilslag: Ein del sengekleda, mellom anna kvar si dundyne, ei kvige, ein sau og eit lam, ei seng og kvar sitt skap. Mette fekk tilslaget på eit par vevstolar og to rennstolar[21] og ein del kjøkkenutstyr. Ho begynte vel å nærme seg tida da ho måtte sørge for å få fylt utstyrskista si.

Da mor Marta enno var i si velmakt og skulle dekke til fest, hadde ho tre dreiels borddukar av lin å velje mellom, ho kunne dekke med fat og tallerkenar av tinn, eller suppefat og tallerkenar av krustøy om gjestane ikkje var lensmann eller prest eller det som finare var. Ho hadde lysestakar av messing å sette på bordet, med flotte lys, støypte i lysforma hennes. Og etter middagen kunne ho by på kaffe, ein drikk som på denne tida var vel kjent hos dei kondisjonerte i byane, men som dei fleste på landsbygda enno berre hadde hørt snakk om. Ho hadde to kaffekverner og to kaffekanner å velje mellom.

I stue, kammers og loft finn vi tre fallbord, langbord, langbenkar, ein sengbenk, fem raudmala trestolar og fem umala, eit par stolar trekt med lêr og ein lenestol med lêrtrekk: Her er eit raudmala skap med lås, og i kråskapet sitt hadde Henrik kanskje sitt fine hollandske krus med lokk. I eit grønnmala skatoll ligg det nedlåst ein Brochmanns huspostill, to salmebøker og to andre bøker. På heidersplassen i stua stod eit ærverdig gammalt slagur. Rundt om i stuahuset og på stabbursloftet står det store og mindre kister, med og utan lås, ei flatlokka kiste og til og med ei skomakarkiste. Og både oppe og nede i stuahuset er det innbygde senger, nokre mala og andre trekvite. Ei seng skil seg ut. Det er ei blåmala himmelseng med omheng av kattun, eit tettvove bomullstøy, oftast med påtrykt mønster. Vi innbiller oss at dette var sengeplassen til sjølvfolket i Selvågan, og kanskje var det her dei krydde seg ned under ei blåraud og kvit heimvoven overdyne med dunfyll. Ei slik dyne hadde omtrent same verdi som ei ku eller tre rigga færingar. Rundt om i sengene var det dundyner, fjørdyner og skinnfellar. Det var halmbolstrar, høyen og greiner[22] og hauputer. Eitt av dei beste lerretslakena vart ikkje lagt fram på auksjonen. Om det står det: «Taget til Liglaken ved Enkens Bortførelse til Graven». Ved auksjonen finn vi berre ei sjørye, og det kjem kanskje av at husbonden si rye forsvann på havet i lag med han.

Kjøkkenet og eldhuset i Selvågan var godt utstyrt: Store og små gryter, bakstjarn, steikepanne og steikerist, steikespidd med bukk, kar, stamper og traug, ause, trakt. Her var bakstefjøler, handkvern, 18 mjølkebunkar, mjølkesil, smørkinne, smørdallar, store og små laupar, bøtter av mange slag, brødkorg og matskrin.

I uthusa elles finn vi alt det reiskap og utstyr ein måtte ha på ein gard: Plog og horv, frausleda, ljåar og sigdar, spader, spett og grev og stikkar- og kastarspade for torvtaking. Dei hadde to slipesteinar, økser, høvlar, navrar og grindsager. Dei hadde to haglgevær på garden. Kanskje skaut dei både fugl og kobbe?

Dette og meir til vart selt på auksjonen i Selvågan den 7. og 8. november 1823. Det verkar som om boda satt laust og salet gjekk greitt under leiing av lensmann Ræder. Lokale handelsmenn, som Parelius på Hopsjøen og Duche i Vikan i Barmfjorden, gjorde solide innhogg i stort og smått på aujsjonen. Ivrige karar i etableringsfasen, som Isak Jensen på Ansnes, klokkaren Lasse Skagen på Skreddarøya og Abraham Walseth i Kaldklovan, fekk rett som det var tilslag på krøtter, reiskap og forskjellig utstyr. Elles var det mykjegodt folk i nabolaget som var til stades, deltok i folkelivet og brukte kanskje fleire skillingar under auksjonen enn dei hadde tenkt før dei begynte å smake på det sterke. Auksjonar var solide sosiale samankomstar i tidligare tider. Det var også folk frå nordsida av Trondheimsfjorden til stades på auksjonen. Vi merkar oss Anders Jakobsen frå Tranøya i Jøssund, Nikolai Val frå Bjugn, lensmann Lorentz Nideros i Åfjorden og Jakob Skjørøya. Anders Tranøya var Marta Andersdotter sin brorson, lensmann Nideros var søskena i Selvågan sin fastermann (onkel), Jakob Skjørøya var Henrik Jæger sin brorson, og Nikolai Val var ein god kjenning av Jægerfamilien frå Skjørøya. Dette var karar som ikkje kom berre for auksjonen sin del. Dei hadde eit anna viktig ærend i tillegg. Det skulle forresten ikkje undre oss om Nikolai Val hadde med seg sønene Tørres og Benjamin til auksjonen i Selvågan. I så fall var denne turen over Tarvahavet starten på noko nytt.

Kva med ein liten stans til før vi reiser vidare i denne historia? Etter at enka Marta og dei fire farlause hadde kome seg litt etter tapet av far og ektemann og hadde fått sommaren og hausten på seg, vart gjort klart for arveskifte i Selvågan. Den 18. januar 1823 troppa sorenskrivar Kaasbøll frå Fjellvær med skrivaren sin og dei to vurderingsmennene Andreas Jonsen Klokkargården og Ingebrigt Hansen Sveen opp for å registrere og vurdere verdiane i buet. Og det gjekk greitt – tilsynelatande. Enka Marta var tydeligvis enno i vigør, og ho tok med seg karane rundt på garden i alle hus og viste fram alt av verdi. Alt? Nja, kanskje ikkje heilt? Nei, eigentlig så langt derifrå. Her kom nok den gode Marta i skade for å gjera noko som antakelig var langt meir vanlig enn vi kjeldestuderande historiefrikar likar å tru. Ho sørga for å gjømme unna så mykje som mulig av buet, slik at ho og borna hennes skulle sitte att med mest mulig. Kanskje hadde det gått fint, slik det sikkert vanligvis gjorde i skifteforretningane, både før og seinare. Men så døde jo enka Marta tre månader seinare, før skifteforretninga var ferdig. Hausten 1823 kom lensmann Ræder til Selvågan for å gjera klart til auksjon, og da var det ingen der til å gjømme unna sølv og sengekleda og husdyr og båtar og meir til. No kom det for ein dag kva den avdøde Marta hadde gjort. Ho hadde stukke unna verdiar for 135 spesidalar, ikkje langt unna halvparten av buet! Det var ikkje anna råd: Sorenskrivaren måtte få tatt ei ny registrering av buet. Same dagen som auksjonen starta, sendte Kaasbøll sin fullmektig Casper Bjerck i lag med dei to vurderingsmennene Anders og Ingebrigt for å gjera registrerings- og vurderingsjobben på nytt. No var også alle krav til buet etter Henrik og Marta komne inn, og ikkje mindre enn 48 kreditorar meldte seg. Dei største kreditorane var for det meste handelsmenn på Hitra og i Trondheim. Det desidert største kravet kom frå landhandlar Georg Ducke i Vikan i Barmfjorden på vel 66 dalar. Kjøpmennene Parelius på Hopsjøen og Bing i Trondheim hadde krav på rundt 20 dalar. Henrik Jæger sin svoger, lensmann Nideros i Åfjorden, kom med eit krav på vel 29 daler, men elles var gjelda på mindre beløp på 2-3 dalar og ned til ei ort eller to. Her er krav frå ein bakar i Trondheim, skreddar Hens Petersen på Fillnesset, Jakob Olsen Selvågan for skomakararbeid og frå tenestefolket i Selvågan for lønn. Antakelig har dei fleste krava frå folk i nabolaget – og det er dei fleste – oppstått etter at først Henrik og deretter Marta fall i frå. I den tida som var gått hadde ungdommane i Selvågan bruk for mykje hjelp og bistand, og for dette hadde hjelparane rett til godtgjersle. Kor stor del av hjelpa dei kravde betaling for, kjenner vi ikkje til.

Gardsbruket i Selvågan etter Henrik og Marta vart ikkje selt på auksjonen i november 1823. Det var ikkje meininga, heller. Bruket og husa og «tilliggende Herligheder» skulle dei fire søskena leige ut for fem spesidalar i året. Leigetakaren måtte forplikte seg til å leige i minst fem år, svare for skattar, tiende og andre kostnader som følgde garden og halde hus og jord i orden. Leiga skulle betalas ved utgangen av kvart år til dei fire arvingane sin formyndar, Abraham Walseth i Kaldklovan. På desse vilkåra kom det ingen bod på leige av garden under denne auksjonen, så derfor vart utleiga utsett inntil vidare. Dei fire søskena satt med garden fram til 1838.

Den 8.november 1823 var det slutt for dei fire unge i Selvågan. Det var tomt over alt: I stuahuset, i fjøs og på låve, stabbur og eldhus og kjellar og i brygge og naust. Dei pakka med seg sitt og vart med folket sitt nordover, antakelig alle fire. Slektningane frå Åfjorden handla ikkje stort på auksjonen, så det var nok ikkje derfor dei kom til Selvågan. Ærendet var først og fremst å hente med seg Mette, Anna, Rikard og Anton.

Mette var jo over 18 år, konfirmert i Fillkjerka tre og eit halvt år før og vaksen. Kanskje vart ho med Nikolai til Val og fekk seg teneste der? Var det der ho vart kjent med Nikolai sin son Benjamin? Han var jamgammal med Mette, fødd på Val 20.oktober 1805, døpt i Nes kjerke 27.oktober 1805[23]. Foreldra var Nickolai Tørresen Val og Mette Benjaminsdotter. Når han begynte som «jektlyr» - fartøykar – kjenner vi ikkje til, heller ikkje når han flytta frå heimgarden Val, men berre i 20-årsalderen vart han jektskipper, og da slo han seg til på Bakklandet. Den 29.desember 1831 gifta han seg i Bakke kjerke med Mette Elisabeth Jæger[24]. Dei fekk fire barn: Henrik Mortinus, fødd på Bakklandet 1.okt 1832[25], Maria Catharina, fødd 26.mars 1834[26], død 1.oktober 1834[27], Necolai Margido, f 12.februar 1837[28], død 18.april 1837 av krampe[29], Bertram Adolph, fødd 3.oktober 1841[30].

Vi kan følgje skipper Benjamin Wahl i mange år gjennom rullene for Trondheim sjøinnruleringsdistrikt og kjøpstad. I tidsrommet februar 1833 til februar 1847 var han skipper på 28 turer med fartøy frå Trondheim. Den 9.februar 1833 segla han ut frå Trondheim med jekta «Thora», som lasta 162 tønner, på fiske i nærområdet, altså oppkjøp av fisk og flekking og salting om bord. Han hadde med eit mannskap på to. Dei var tilbake i Trondheim etter å ha levert fisken på eit klippfiskberg ein eller annan stad. I midtet av august same året reiste Benjamin ut med sluppen «Anthonette» på 234 tønner, men 2-3 mann som mannskap. Dei skulle til eit område der det vart fiska godt med sild, leige inn sildeverkarar, verke og salte silda i tønner og segle med dei inn til byen. Dei var tilbake med lasta 25.november. I 1834 segla Benjamin tre liknande reiser med «Anthonette», som antakelig tilhørte ein av kjøpmennene på Bakklandet. Så kjøpte han trulig jekta «Thora», og ho segla han med fleire turar kvart år fram til hausten 1841. Frå da av vart det ein tur kvart år. Dei fleste turane var til fiskeværa i Trøndelagsområdet i skreisesongen og til sildefiskeria på hausten, alt etter kvar sildestenga vart gjort. Han segla nokre turar til Lofoten etter at Lofotfisket var over, og da var det for å levere kjøpmannsvarer til lokalsamfunna og frakte ferdig tørrfisk tilbake til Trondheim. I 1838 var han i Halten. Etter frakteturar til Lofoten i 1845, -46 og -47, selte han «Thora», og segla nokre år med jekta «Walhalla» på rundt 170 tønner.

Mens Benjamin Wahl stadig var på sjøen, styrte Mette Elisabeth huset heime og sørga for oppdragelsen av dei to sønene. Benjamin og Mette hadde kjøpt Øvre Bakklandet 31 i 1834, og dei hadde dessutan ei toetasjes brygge i Steinvika ved Valsfjorden, ikkje langt unna garden Val, der Benjamin var fødd.

I 1852 vart Benjamin sjuk. Han døde på Bakklandet den 13.oktober 1852, 47 år gammal[31]. Torsdag 21.oktober 1852 stod denne annonsen i Adresseavisa:

Dødsfald

Dybt nedbøiet af Sorg opfylder jeg herved den tunge Pligt at underrette Paarørende og Bekjendte om, at min kjere og uforglemmelige Mand Benjamin Andreas Wahl, den 13de Dennes, i hans Alders 47de Aar, efter 10 Ugers haarde Lidelser, indgik til Evigheden. I henved 20 Aar deelte han Livets Skjæbner med mig, i hvilken Tid Gud skjenkede os 4 Børn, hvoraf 2 modtage ham hisset og de 2 gjenlevende begræde med mig Tabet af en god Forsørger og kjerlig Fader. Kun Tanken om, at Herren styrer Alt til vort Bedste, kan skjenke Trøst under Kummeren over hans tidlige Bortgang.

Baklandet, den 20de October 1852

Mette Elisabeth Wahl

født Jæger

 

Eldste sonen Henrik Wahl segla i faren sitt kjølvatn og vart skipper og handelsmann, først på Bakklandet og seinare i Trondheim. Også den yngste sonen Bertram Adolf vart fartøykar og skipper, men han flytta frå Bakklandet etter at han vart konfirmert i 1856. Kvar? Jau, til Nes sokn i Bjugn og til ein gard der både farbror og moster budde. Korleis kan det ha seg?

La oss gå tilbake til 8.november i året 1823. Da lensmann Lorentz Nideros segla tilbake til Åfjorden frå auksjonen i Selvågan den dagen, hadde han med ei ung jente om bord. Det var Anna Birgitte Jæger. Ho skulle bu på lensmannsgarden Øyan, hos Lorentz Nideros og kona Gisken Margrethe Jakobsdotter. Gisken var Anna Bergitte sin faster, altså søstera til Henrik Jæger. Lensmannen og frua var begge godt opp i åra da dei gifta seg i 1809 og hadde ingen barn[32]. Anna Bergitte vart derfor som ei dotter i huset. Ho vart konfirmert i Å kjerke i Åfjorden den 3.oktober 1824. Lensmann Nideros døde hausten 1825, 58 år gammal, og faster Gisken selte garden i 1828. Ho vart buande som «enkemadame» på Øyan til ho døde i 1842, og Anna Bergitte budde hos ho. Så vart enkemadama beden i bryllup på seinsommaren 1829. Det var brordottera Anna Bergitte som gifta seg. Ho hadde funne seg ein gardmann frå garden Val i Bjugn. Tørres Nikolaisen Wahl heitte han. Foreldra hans var Nickolai Tørresen Val og Mette Benjaminsdotter. Lyder det kjent? Ikkje? Han hadde ein yngre bror som heitte Benjamin Andreas. Å, jektskipperen som eit par år seinare vart gift med Mette Elisabeth? Javisst! Anna Bergitte gifta seg med Tørres i Jøssund kjerke (Åfjord prestegjeld) den 16.august 1829[33]. Tørres Nikolaisen var fødd på Val 25.oktober 1801 og døpt i Nes kjerke laurdag 7.november 1801[34]. No vart Anna Bergitte gardkone på Val, ein av dei større gardane i området, og det gjorde at ho kunne gi dei to brørne sine ein heim hos seg. Og det gjorde ho.

Anna og Tørres fekk ikkje barn sjølve, så da Bertram Adolf, sonen til Benjamin og Mette på Bakklandet, vel og vakkert var konfirmert i Bakke kjerke 30.mars 1856, flytta han til farbror og moster på Val. Han hadde vakse opp med jektefart, så han fortsette med det, men da Tørres og Anna kom litt opp i åra, tok Bertram etter kvart over garden. Bertram gifta seg i Trondheim domkjerke 14.juli 1872 med Emilie Severine Helle frå Trondheim, fødd 28.november 1847. Ho var frå ein sjømannsfamilie i byen. Dei fekk fleire barn.

Også Bertram si mor, enka Mette Elisabeth, kom etter kvart flyttande frå Bakklandet til søstera og sonen sin på Val. Ho budde på Bakklandet enno i 1865 og levde av utleige av husrom, men flytta til Val ikkje lenge etter. Da ho selte Øvre Bakklandet 31 sommaren 1868, hadde ho alt flytta, så det var sonen Henrik, som budde i Trondheim, som ordna med salet etter fullmakt frå mora[35]. Ho fekk 850 spesidalar for eigedommen på Bakklandet, og sjølv om ho hadde noko gjeld å gjera opp, satt ho rimelig godt i det i sine siste år. «Enkemadame» Mette Elisabeth Wahl døde på Val den 7.juli 1871, 66 år gammal. Ho vart gravlagt på Nes den 15.juli 1871[36].

Tørres Nikolaisen og kona Anna Bergitte på Val overlet garden til Benjamin Adolf og vart kårfolk rundt 1870. Tørres døde 5.mars 1876, og vart gravlagt på Nes 12.mars[37]. Kårenke Anna Bergitte døde på Val 20.januar 1878 og vart gravlagt på Nes gravplass 3.februar[38].

Så skal vi tilbake til 8.november 1823 igjen. Også dei to brørne, Rikard Jakob og Anton Mortinus, vart med nordover da slekt og vener frå Fosen segla heim frå auksjonen i Selvågan. Kor ti-åringen Rikard vart plassert hen til å begynne med, veit vi lite om. Kanskje hos lensmannen på Øyan i Åfjorden, han også, men han kom etter kvart til Blindvågen i Stokksund, til Hans Peter Paulsen Lian og kona Marte Nilsdotter. Rikard budde hos dei da han vart konfirmert i 1828. Da søster Anna Bergitte vart gardkjerring på Val i Bjugn, flytta han heim til ho. I sjølegdrulla for1831 står det føydd til at han da budde på Val[39]. Her blir han også titulert som «Løsgjenger», men det varte ikkje lenge. No møtte han det fartøymiljøet som rådde der, og det kom til å styre dei vala han tok resten av livet.

På Val vart ikkje Rikard lenge. Han flytta med søstera Mette Elisabeth og svogeren Benjamin til Bakklandet. Det var her han måtte vera om han skulle basere seg på fartøyfart. No vart han ført inn i sjøinnrulleringsprotokollane for Trondheim, og det er her vi finn han, år etter år, frå august 1831 og fram til 1859[40]. Det vart meir enn ein mannsalder i kystfart, det.

På desse åra hadde Rikard Jæger ikkje mindre enn 71 reiser langs kysten, 50 av dei som skipper. Frå 1831 til og med 1838 reiste han som matros, men frå januar 1839 var han skipper. Som matros reiste han sju turar med svogeren Benjamin Wahl som skipper, og seks av dei var sildeturar på hausten, altså kjøp, verking og salting av feitsild. Ein tur våren 1833 var til eit av fiskeværa i området Trøndelag – Nordmøre med kjøp, flekking og salting av skrei til klippfiskproduksjon. Elles segla han med andre skipperar på forskjellige jekter på nokre sildeturar, men også seks turar til Lofoten, ein til Vesterålen og ein tur til Finnmarka. Våren 1837 heldt han til i Kristiansund og segla med ein skipper derifrå. Da Rikard 24.januar 1839 segla ut frå Trondheim som skipper for første gong, var det på jekta «Søelivet» på vel 300 tønner. Antakelig var han både skipper og eigar. Og no ser det ut til at han legg meir kjøpmannskap inn i drifta. 17 av dei 22 turane han seglar fram til sommaren 1847 er med «Søelivet», og 13 av turane er til Lofoten. Jektefarten frå Trondheim til Lofoten var todelt: På nordtur var jektene lasta med mange slags kjøpmannsvarer, som skipperane selte når dei kom fram. I Lofoten kjøpte, flekte og salta dei ned skrei når dei var der under Lofotfisket, og når jekta var full, segla dei sørover med fisk til kleppfiskproduksjon. Men nokre år hadde jektene ein tur til Lofoten på sommaren. Da hadde dei også med kjøpmannsvarer nordover, og så skulle dei kjøpe ferdig produsert tørrfisk derifrå og frakte han sørover til Trondheim, der skipa låg og venta for å frakte tørrfisken ut i den store verda. Så kan vi sjå at Rikard Jæger hadde eit par turar til marknader i Nordland og i Romsdalen, og det var reine kjøpmannsturar, der alt handla om omsetting av varer. Dette hadde sjølvsagt samanheng med at det kom endringar i dei gamle byprivilegia i 1840-åra. Frå sommaren 1846 og fram til sommaren 1847 segla Rikard med andre jekter, og det har trulig å gjera med at gamle «Søelivet» trong ei grundig oppussing og forbetring. Rikard segla med ho ein tur til Lofoten sommaren 1847, og da lasta ho 30 tønner meir enn før. Det vart siste turen med «Søelivet» for Rikard Jæger sin del. Men det betyr ikkje at sjølivet var over for han. Rikard selte den gamle jekta og kjøpte ei ny. Ho fekk namnet «Tre Brødre» og var på 340 tønner. Første turen med ho var til Lofoten i januar 1848, og bortsett frå ein tur med jekta «Caroline» sommaren 1854, segla han med «Tre Brødre» til desember 1855. Frå januar 1856 segla Rikard


Eier/kildeSvein Bertil Sæther
Dato28 Jan 2021
StedSelvågan, Ulvøya, Hitra
Linket tilAlbert Früchtnicht Jæger; Mette Elisabeth Henriksdatter Jæger; Richard Jakob Henriksen Hagerup Jæger; Henrik Lorents Jakobsen Jæger; Benjamin Andreas Nicolaisen Wahl; Tørres Nikolaisen Wahl

» Vis alle     «Forrige «1 ... 13 14 15 16 17 18 19 20 21 ... 47» Neste»