Sommaren 1784, før han fekk borgarbrevet sitt i Trondheim,
hadde han vore i Bergen. Her
møtte han bergenskjøpmannen Gerhard Cappe, oppretta trulig forretningsavtale
med han og lånte 1000 riksdalar av han mot ein panteobligasjon. Dette greidde
han ikkje å handtere. Ved årsskiftet 1785-1786 ga han tilsynelatande opp. Han
måtte selje Rørøya til kreditoren sin. I
eit skøyte datert Kristiansund, den 4.januar 1786 selde han Rørøya til Cappe i
Bergen for 1100 riksdalar. Dermed var han ute av det økonomiske uføret, men han
var også utan Rørøya og alt han eigde, såg det ut til. Eller, hadde Tomas ein
plan? Låg det eit dristig spel attom dette salet? Mykje tyder på det, og dette
spelet involverte broren Henrik.
Tomas Dons gjorde seg klar før
sommartinget på Hitra på garden Ansnes 2.juni 1786. Her visste han at skøytet
på Rørøya til Gerhard Cappe skulle bli tinglyst. Da skulle han slå til, tenkte
han. Han fekk med seg broren Henrik Stochoff Henriksen Dons på å ta Rørøya
tilbake på odel. Dermed skulle Donsfamilien greie å berge Rørøya og starte på
ny frisk. Cappe langt der nede i Bergen skulle dei ta innersvingen på. Men det
vart Tomas og Henrik som vart overraska. Under sommartinget på Ansnes vart det
tinglyst to skøyte på Rørøya. Det
eine var som venta Dons sitt skøyte til Cappe. Men no viste det seg at Cappe umiddelbart
hadde selt Rørøya vidare til Søren Seehuus frå Sunnmøre, ein ivrig handelsmann,
som var klar til å sette i gang på Rørøya. Og han var ikkje så lett å bli
kvitt. Da skøytet til Seehuus vart lese opp på tinget prøvde Tomas Dons først å
protestere.
Deretter sto broren Henrik Dons fram, hevda odelsrett på Rørøya, meldte at han
akta å ta garden att på odel og kravde utsetting på dette på grunn av
pengemangel, slik han hadde rett til. Trulig såg både Tomas og Henrik at dette kunne bli
vanskelig. Og dei fekk rett, og vel så det. Det vart umulig.
Tomas Dons sleit på fleire vis på
denne tida. I oktober 1785 reiste han sak på bygdetinget mot Ellev Olsen Helsøya,
Peder Pedersen Stein og Jakob Bårdsen Båtvika for at dei hadde tatt sild frå
sildenota hans, som stod i Dragvågen. I
juni 1786 stemna han Lars Kjeøya for retten fordi Lars på ein søndag hadde vore
og henta tilbake to stenger til ein fiskehjell som Tomas tidligare hadde lånt
av han.
Ingen av desse sakane kom han vidare med.