Om Daniel Eriksen Strøm (1740-1825)

Ifølge lokalhistorikar og bygdabokforfattar Sverre Utseth må Daniel Eriksen Strøm ha vore ein heilt spesiell kar. Gjennom oppveksten var han ein solid støttespelar for mora si, tok ansvar og sette i gang med det eine etter det andre: Rydda skog, bygde fleire hus, starta handel og dreiv sjøen. Da han gifta seg med Sara Kjerstina Nilsdotter frå Eid i 1766, fekk han halve Aunøya i bryllupsgave. Og da mor Maria døde i 1770, kjøpte han ut dei andre arvingane. No sette han i gang for alvor med å utvikle Aunøya til å bli eit av dei mest kjente plassane ved Trondheimsleia, i ein viss konkurranse med Magerøya i Hemne. Det fins mange historier og forteljingar om Daniel Strøm på Aunøya, og Sverre Utseth, som kjente desse historiene, skriv: «Han var en hard, pågående og hensynslaus forretningsmann». Og Utseth seier vidare: «Han ble akta og frykta, men neppe elska». Men så tek Utseth Daniel Strøm i forsvar og seier at dette var slik handelsmenn på denne tida måtte vera, om dei skulle vinne fram og lykkas. Og det gjorde Daniel Strøm. Utseth seier: «Det handelsstedet han skapte på Aunøya var ikke noe mindre enn et eventyr».

Det kan vera mange vegar fram til målet, og Daniel Strøm tok i bruk dei fleste. At han starta med handel utan å ha borgarbrev kan verke dristig nok. Ein annan grunn til at han kom seg så fort på fote, var at Aunøya låg så velegna til for smugling. Ingen såg noko underlig i at jektene som kom seglande nordover frå Bergen, søkte inn i Djupsundet når natta fall på. Og i nattas mulm og mørke vart det ofte travelt på dei store bryggelofta på Aunøya, der ei «taxfree-sone» ga gode inntekter for både jekteskipperen og handelsmannen. Så gjekk det som det måtte gå. I 1773 vart Daniel Strøm tatt for smugling og fekk ei kjempebot. Og gjennom den rettsaka som smuglarhistoria skapte, får vi forklaringa på kvifor Daniel Strøm på Aunøya år etter år kunne drive handel utan borgarbrev: Ei rekke av handelsborgarane, både i Trondheim og rundt om i distriktet, var involverte i smuglinga. Dei hadde brukt Daniel Strøm som mellommann, hadde tent gode pengar på han og såg ingen grunn til å klage han inn til styresmaktene for ulovelig handelsverksemd. Men Daniel Strøm måtte betale bota åleine.

Etter smuglarsaka måtte Daniel Strøm ta grep: No var han i søkelyset. Skulle han fortsette med handel på Aunøya, måtte han løyse borgarbrev i Trondheim. Han søkte magistraten i Trondheim om å bli handelsborgar, og han sørga for at dei handelsborgarane som hadde vore med han på smuglinga, no pent stilte opp og gjekk god for han. Det verka. 3.februar 1778 fekk han «borgerskab som udeliggerborger paa Aunøhalden». Og no vart det fart i sakene, for borgarskapet innebar ikkje berre handel. No hadde han også rett til å drive gjestgiveri, og med gjestgiveriet følgde også skjenkestue. Og dermed vart Aunøya ein samlingsstad, ikkje berre for folk i nærområdet, men minst like mykje for dei som reiste langs Leia. Utseth skriv: «Det var neppe en jekteskipper som ikke besøkte Aunøya når han passerte leia».

Det vart ei bygging og utvikling utan like på Aunøya. Etter kvart låg det 10-12 hus ved Aunøyhamna, og i tillegg kom det opp fjøsbygningar, stall og låve litt lenger innpå øya, slik skikken var på handelsstadene på denne tida. No vart Aunøya også tingstad for Hemne tinglag, som den indre delen av Hitra tilhørte. Det var tingsamling tre gonger for året, med sorenskrivar, fut og lensmann til stades. Da var det rettsaker, offentlige kunngjeringar og innbetaling av skatt og bøter. Mykje folk var samla, både dei som hadde ærend på tinget, og dei som møtte fram av meir sosiale grunner. Det var ein folkefest, og vi må anta at skjenkestua var fullstappa, med liv og røre til ut i dei små timar. Tingsamlingane var ei stor inntektskjelde for tingverten Daniel Strøm.

I 1780-åra begynte Daniel Strøm å investere i eigedom, først og fremst på Hitra. Eit eksempel er dette: Han fekk greie på at tollvesenet ville bygge opp ein tollstasjon ved Trondheimsleia. I 1782 vart vestre delen av Jøsnøya lagt ut for sal, og Strøm kjøpte for 145 riksdaler. Så reiste han til Trondheim, troppa opp på tollbua og baud fram vestre Jøsnøya for 400 riksdaler. Tollvesenet slo til, og det vart oppretta tollstasjon med ein kryssbetjent, som kryssa Trondheimsleia mellom Jøsnøya og Magerøya. Denne stasjonen var i drift i 130 år. I 1789 kjøpte Daniel Strøm gardane Balsnes, Balsnesaunet, Olsvika og Hamna, litt seinare også Akset. Etter kvart fekk sonen Erik Danielsen Strøm kjøpe desse gardane av far sin.

I 1799 selte Daniel Strøm Aunøya til sonen Nils Just Strøm. Daniel tok unna eit solid kår for seg og kona Sara Kjerstine, slik at dei kunne leve godt resten av si tid. De hadde hatt i alt 10 barn, men tre av dei døde som små. Daniel Strøm døde i 1825, 85 år gammal. Sara Kjerstine døde 84 år gammal i 1831.

(Svein Bertil Sæther)

Eier av original/KildeSvein Bertil Sæther
Linket tilpersonDaniel Eriksen Strøm